Mine tankar i ord og bilete – av Anne Grethe Eikrem

Av | 21. november 2016

Hei, eg gav ut mi diktbok Mine tankar i ord og bilete på Publica forlag, februar 2015. Den har blitt godt moteken blant folk, men eg har ikkje vore så flink og promotere boka sjølv, og det må ein jo viss ein skal få fortgong på salet. Her er forfatteromtalen, ein del av den.

Anne Grethe Eikrem ( f.1963) vaks opp i Dalsfjord i Volda kommune. Ho bur i Syvde i Vanylven kommune, er gift og har fem barn, åtte barnebarn. Har arbeida som omsorgsarbeidar i eldreomsorga i mange år. Ho likar godt å lese og å lære. Fotografering og skriving er hobbyane hennar. Humor og musikk er for henne to viktige faktorar for god livskvalitet.

Bileta gjev meg inpirasjon

-Inspirasjonen til boka er det bileta mine som har gjeve meg, men også i mine møter med menneske i ulike situasjonar i livet. I sorg, glede, lukke og kjærleik. Ut i frå dei har orda som oftast dukka opp kring det eg ser. Eg har filosofert ganske mykje over livet og livets mysterium. Men eg får også ord medan eg søv, eller medan eg sit og ser utover den vakre naturen eg er omgjeven av, seier ho.

Bodskapen i boka ligg der for den som er mottakeleg, det gjer det jo overalt, eigentleg, og må vere: Lev no, ver til stades og om du vil ha endring i ditt liv, så startar det heile med deg sjølv. Det er berre vi sjølve som kan forandre, ingen andre. Sjå magien i dei små detaljane vi har rundt oss, sjå etter teikn. Leve enkelt og ikkje komplisere meir enn godt er.

 

514095

thumbnail_bilde-av-meg

-I utgangspunktet har eg ikkje definert ei målgruppe. Alle som kan lese og sjå, kan sjå i denne boka, og ofte kan ein trive ei bok som ser kjedeleg ut og bli positivt overraska. Og eg har absolutt eit ynskje om at nokre av mine tankar, ord og bilete vil tale til nettopp den som les den. Tittelen er nok ikkje av dei mest spanande eller fengande, men det var også ein tanke som kom, eg vart mest fortruleg med den tittelen sidan det er mine tankar, mine ord og mine bileter som er i boka, difor ein enkel og grei tittel. Kan hende skulle eg hatt fleire bilete til eit dikt, og heller hatt færre dikt, fortset ho.

Dikt, tankar og følelsar

-Boka er dikt, tankar følelsar og poesi omkring dette å vere menneske, medmenneske og venn. Å elske sjølve livet, nyte og vere takksam for alt dette, men at vi og må rekne med tunge dagar, sorg og elles alt livet byr på, og samstundes greie å sjå alt det fantastiske òg. Ikkje grave oss ned i sjølvmedkjensle så vi ikkje maktar å sjå andre og kva dei strir med. Ei påminning om at vi er her akkurat no, og det er no vi lever. Det er noko eg stadig minner meg sjølv på, når eg går og tuslar i Guds frie natur, eller henger meg opp i irritasjonsmoment, då tenkjer eg: Det er fåfengt å bruke energien på oppgåver som ikkje gjev vekst til eiga utvikling. Samtstundes så ser ein ikkje alltid der og då kva alt skal vere godt for. Det kan ta ei heil stund før ein ser at det kom noko godt ut av vonde episodar i livet. Bokprosjektet har vore ein lang og særs lærerik prosess. Ein lærer ein heil del om seg sjølv medan ein skriv. Og ein får også lære litt om dette å gje ut ei bok, og at det slett ikkje er gjort i ei handevending, fortset forfattaren.

Skriveprosessen var ganske intens. Ho hadde mykje stoff liggande i word, med dikt ho hadde skrive gjennom åra. Desse skulle no bearbeidast og skrivast på eit korrekt nynorsk. Prosessen har vore omfattande, med omskriving og nedkorting av tekst, ho har mykje på hjartet, og vil gjerne ha med mest mogeleg. Sameleis med bileta. Ho har så utruleg mange bilete, og skulle gjerne hatt med fleire av dei.

Tankar om boka

-Sant og seie, så har eg nesten ikkje fått tid til å tenkje over at boka no skal ut blant folk. Av og til så har tanken streifa meg, som når folk har spurt meg om boka og eg har nesten fått ein kjensle av panikk, ei skrekkblanda fryd og spurt meg sjølv kva i hulaste eg har gjett meg ut på? Forventnigane er nok lett blanda, eg håper jo at alle skal like den, men eg veit jo såpass om dette med smak og behag, at nokon vil heilt sikkert finne noko som dei ikkje kan kjenne seg att i, og til dels banalt. Til mitt forsvar så må eg sei at eg er enkel, banal og svært takksam og glad for livet mitt og alle dei som står meg nær. Men så er det no ein gong slik, at vi mennesker er på ulikt forståelsenivå her i livet, og det må ein respektere, avsluttar Anne Grethe Eikrem.

Legger ved linken til nettbutikken. Boka koster kroner 249,- Den er å få kjøpt i nettbutikker som  Tanum, Bokstaver og hos bokhandelen Notabene i Volda blant andre steder. Ønskes signerte utgaver, kan dette ordnes via forfatteren.

http://publicabok.no/Nettbutikk/tabid/120/ProductID/1069/Default.aspx

 

Øyvind Teige

Facebook Comments

Legg inn en kommentar